← Toutes les offres

Haram kommune assure les services municipaux de Haram, notamment l’éducation et la santé.

Repères sur Haram kommune
Domaine officiel
haram.kommune.no
Offres ouvertes
8

Détails de l’offre

La description complète publiée par Haram kommune.

Vi søkjer ein engasjert, tydeleg, strukturert, varm og energisk miljøterapeut som ønskjer å vere med å skape gode skuledagar for elevar ved Eidet skule. Du vil vere ein viktig støttespelar for elevar, tilsette og føresette ved skulen. Vi har ledig 80% fast stilling som følgjer skuleåret til lærarane, med moglegheit til å utvide den til 100% om ein vil arbeide på SFO når den er open utanom skuleåret. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. - 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg" .

Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

  • Følgje opp elevar som har behov for ekstra sosial, emosjonell eller fagleg støtte
  • Delta i og gjennomføre tiltak knytte til åtferd, inkludering og meistring
  • Ta med enkeltelevar og grupper på aktivtetar som gir meistring og ein meir praktisk skulekvardag med alternativ opplæring
  • Bidra til å utvikle og oppretthalde eit trygt og inkluderande skulemiljø
  • Arbeide førebyggjande med relasjonsbygging, trivsel og psykososialt miljø
  • Samarbeide tett med lærarar, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Rettleie og støtte elevar i ulike utfordrande situasjonar gjennom skuledagen
  • Delta i tverrfagleg samarbeid rundt enkeltelevar og elevgrupper
  • Vere ein aktiv vaksenperson i friminutt, aktivitetar og undervisningssituasjonar ved behov
  • Dokumentere og evaluere tiltak i tråd med gjeldande rutinar.

Arbeidskvardagen vil hovedsakleg vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet

  • Relevant høgare utdanning som pedagogisk utdanning, vernepleie, barnevernspedagogikk, sosionomutdanning eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg
  • Kompetanse innan relasjonsarbeid, åtferdsutfordringar og inkluderingsarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel
  • Kjennskap til aktuelt lovverk og arbeid med elevane sitt psykososiale miljø er ønskjeleg
  • Likar å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte
  • God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
  • Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
  • Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
  • Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
  • Er robust og kan stå støtt i krevjande situasjonar Skulen ønskjer ein person med positivt elevsyn og eit sterkt engasjement for barn og unge si utvikling.

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.

  • Ei spennande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv
  • Moglegheit til å skape ein skulekultur til det beste for barn og unge
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptekne av å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning

3× plus de chances d’entretien avec un cold email

Candidater à cette offre

Comment candidater ?

L’offre est publiée sur le site de Haram kommune. Ouvrez l’offre originale ↗ pour y déposer votre candidature. Screeningpass ne remplit pas de formulaire à votre place.

À qui écrire chez Haram kommune pour ce poste ?

Lancez une recherche de contact depuis cette page. Screeningpass vous propose jusqu’à trois personnes liées au poste. Vous choisissez celle à qui écrire, puis Screeningpass cherche son email professionnel et prépare un message. Vous le relisez et l’envoyez vous-même avec Gmail. Une adresse email n’est pas toujours disponible, et une réponse n’est jamais garantie.

Combien coûte la recherche d’un contact ?

Une recherche coûte 1 crédit. Le crédit vous est rendu si la recherche échoue. L’inscription offre 3 crédits, soit 3 recherches.

À quoi sert Screeningpass ?

Screeningpass rassemble des offres de stage, d’alternance et d’emploi publiées par les entreprises. Pour une offre, Screeningpass trouve une personne à contacter dans l’entreprise, cherche son email professionnel et prépare un message à partir de votre CV. Voir le fonctionnement en détail.