← Toutes les offres

Haram kommune assure les services municipaux de Haram, notamment l’éducation et la santé.

Repères sur Haram kommune
Domaine officiel
haram.kommune.no
Offres ouvertes
9

Détails de l’offre

La description complète publiée par Haram kommune.

Vil du vere med på å skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for ungdom?

Brattvåg ungdomsskule har ledig ei 100 % stilling som miljøterapeut frå 01.01.2027.

Stillinga er knytt til arbeid med elevar som har behov for særskild tilrettelegging, tett oppfølging og støtte i skulekvardagen.

Vi søkjer ein engasjert, trygg og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å gjere ein forskjell for ungdom. Hos oss blir du ein del av eit fagleg fellesskap der vi arbeider saman for å skape eit godt læringsmiljø, fremje meistring og sikre at alle elevar opplever tilhøyrsle og inkludering.

Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, tett ved Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette, og elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Vi er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, og vi arbeider digitalt i Teams og Office 365.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn og ungdom. Vi har eit arbeidsmiljø med fokus på godt samarbeid og høg trivsel, både saman med elevar og kollegaer.

I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Ønskjer du å vere med å forme framtida til ungdommane i Haram? Vi ser fram til å høyre frå deg!

- Følgje opp og støtte elevar med behov for særskild tilrettelegging, både fagleg og sosialt.

- Bidra til å skape tryggleik, trivsel, meistring og gode relasjonar i skulekvardagen.

- Arbeide målretta med sosial kompetanse, åtferd, inkludering og elevane si personlege utvikling.

- Leggje til rette for deltaking i undervisning, aktivitetar og det sosiale fellesskapet.

- Førebyggje og handtere utfordrande situasjonar på ein trygg og profesjonell måte.

- Samarbeide tett med lærarar, andre tilsette, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar.

- Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak rundt enkeltelevar og elevgrupper.

- Relevant treårig høgskule- eller universitetsutdanning, til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller anna relevant utdanning.

- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskjeleg.

- Kompetanse innan relasjonsarbeid, miljøterapeutisk arbeid og tilrettelegging for elevar med ulike behov er ein fordel.

- Erfaring med elevar som har samansette utfordringar, er ønskjeleg.

- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Vi ser etter deg som:

- Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen.

- Har evne til å byggje gode relasjonar og møte ungdom med respekt, forståing og positive forventningar.

- Er tolmodig, fleksibel og løysingsorientert.

- Kan arbeide sjølvstendig, men også samarbeider godt med andre.

- Har evne til å halde ro og oversikt i krevjande situasjonar.

- Ser moglegheiter og ressursar hos den enkelte elev.

- Er engasjert i å skape eit inkluderande og godt skulemiljø.

- Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan gjere ein viktig forskjell.

- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.

- Moglegheit til å bidra i utviklinga av det miljøterapeutiske arbeidet ved skulen.

- Eit tverrfagleg samarbeid med fokus på elevane si læring, meistring og utvikling.

- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.

3× plus de chances d’entretien avec un cold email

Candidater à cette offre

Comment candidater ?

L’offre est publiée sur le site de Haram kommune. Ouvrez l’offre originale ↗ pour y déposer votre candidature. Screeningpass ne remplit pas de formulaire à votre place.

À qui écrire chez Haram kommune pour ce poste ?

Lancez une recherche de contact depuis cette page. Screeningpass vous propose jusqu’à trois personnes liées au poste. Vous choisissez celle à qui écrire, puis Screeningpass cherche son email professionnel et prépare un message. Vous le relisez et l’envoyez vous-même avec Gmail. Une adresse email n’est pas toujours disponible, et une réponse n’est jamais garantie.

Combien coûte la recherche d’un contact ?

Une recherche coûte 1 crédit. Le crédit vous est rendu si la recherche échoue. L’inscription offre 3 crédits, soit 3 recherches.

À quoi sert Screeningpass ?

Screeningpass rassemble des offres de stage, d’alternance et d’emploi publiées par les entreprises. Pour une offre, Screeningpass trouve une personne à contacter dans l’entreprise, cherche son email professionnel et prépare un message à partir de votre CV. Voir le fonctionnement en détail.