Høgskulen på Vestlandet est un établissement public norvégien d’enseignement supérieur et de recherche.
Rådgivar (studierettleiar)
Som studieveileder ved Høgskulen på Vestlandet veileder du studenter og behandler studieadministrative saker. Du arbeider med studie- og emneplaner, studentopplysninger og informasjon, og er sekretær for studieprogramråd. Arbeidssted kan være Bergen, Sogndal eller Haugesund.
3× plus de chances d’entretien avec un cold email
Voir l’offre originaleRepères sur Høgskulen på Vestlandet
- Domaine officiel
- hvl.no
- Offres ouvertes
- 15
Détails de l’offre
La description complète publiée par Høgskulen på Vestlandet.
Rådgivar (studierettleiar)
Dette er Høgskulen på Vestlandet Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar, ulike årsstudium og eit bredt spekter av vidareutdanninger.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har ledig fast 100 % stilling som rådgiver (studierettleiar) Om stillinga: Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, har ledig ein nyoppretta fast stilling som studierettleiar i studieadministrasjonen med tiltreding ved årsskifte eller etter avtale. Stillinga som studierettleiar er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon på 20 personar og næraste leiar er studieadministrativ leiar.
Studieadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fire av HVL sine fem campus og den som blir tilsett kan ha arbeidsstad ved campus Bergen, Haugesund eller Sogndal.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Rettleiing av studentar i studieadministrative saker
- Variert sakshandsaming
- Administrativt arbeid med studie- og emneplanar
- Registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar
- Sekretær for studieprogramråd
- Informasjonsarbeid retta mot studentar, tilsette og samarbeidspartnere
- Samhandling med til dømes eksterne partnere, oppdragsgjevarar, andre einingar ved HVL Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle
Kvalifikasjonskrav: Krav til stillinga:
- Høgare utdanning på fortrinnsvis masternivå. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for masterkravet
- Relevant studieadministrativ praksis
- Det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse og erfaring frå spesifikke verktøy som nyttast ved HVL, til dømes Felles Studentsystem (FS), Canvas, Public360 og andre elektroniske portalar
- Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål), og gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk
Ønskede kvalifikasjoner:
- Det er ynskjeleg med studieadministrativ erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
Personlege eigenskapar: Du som vert tilsett må
- ha stor interesse for studentar og deira studiekvardag
- ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel
- vere initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet
- vere resultat- og løysningsorientert
- vere serviceinnstilt
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- ha nødvendig presisjon i arbeidet
- vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgiver er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgiver.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften.
Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Bakgrunnssjekk For aktuelle stillingar gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ekstern leverandør for å verifisere opplysningar som går fram av tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykke frå kandidaten, og tilsetjing i desse stillingane føreset gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er: Nestleder, Jorunn Skei E-post: [email protected]
Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.
Prérequis
- Høgare utdanning på fortrinnsvis masternivå. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for masterkravet
- Relevant studieadministrativ praksis
- God administrativ IT-kompetanse og erfaring frå spesifikke verktøy som nyttast ved HVL, til dømes Felles Studentsystem (
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål), og gode skriftlege og munnlege ferdigheit
Avantages mentionnés
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
3× plus de chances d’entretien avec un cold email
Candidater à cette offre
Comment candidater ?
L’offre est publiée sur le site de Høgskulen på Vestlandet. Ouvrez l’offre originale ↗ pour y déposer votre candidature. Screeningpass ne remplit pas de formulaire à votre place.
À qui écrire chez Høgskulen på Vestlandet pour ce poste ?
Lancez une recherche de contact depuis cette page. Screeningpass vous propose jusqu’à trois personnes liées au poste. Vous choisissez celle à qui écrire, puis Screeningpass cherche son email professionnel et prépare un message. Vous le relisez et l’envoyez vous-même avec Gmail. Une adresse email n’est pas toujours disponible, et une réponse n’est jamais garantie.
Combien coûte la recherche d’un contact ?
Une recherche coûte 1 crédit. Le crédit vous est rendu si la recherche échoue. L’inscription offre 3 crédits, soit 3 recherches.
À quoi sert Screeningpass ?
Screeningpass rassemble des offres de stage, d’alternance et d’emploi publiées par les entreprises. Pour une offre, Screeningpass trouve une personne à contacter dans l’entreprise, cherche son email professionnel et prépare un message à partir de votre CV. Voir le fonctionnement en détail.