← Toutes les offres

Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta] propose des opportunités professionnelles visibles dans le catalogue Screeningpass, avec leurs informations de contrat, de localisation et de candidature.

Repères sur Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]
Offres ouvertes
1

Détails de l’offre

La description complète publiée par Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta].

Ørsta vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert prosjektleiar til eit tidsavgrensa utviklingsprosjekt finansiert gjennom Samfunnskontrakten for fleire læreplassar. Prosjektet varer til juli 2029.

Søre Sunnmøre har eit variert og framtidsretta arbeidsliv med stort behov for dyktige fagarbeidarar. Samstundes veit vi at gode overgangar mellom ungdomsskule, vidaregåande opplæring og arbeidsliv er avgjerande for at fleire ungdomar skal finne rett utdanningsveg, få læreplass og fullføre fag- og yrkesopplæringa. Målet med prosjektet er å utvikle ein meir heilskapleg modell for karriererettleiing og overgangsarbeid frå 8. trinn og fram til fagbrev.

Gjennom å styrkje samanhengen mellom skule og arbeidsliv vil vi at fleire elevar tek gode utdanningsval, blir kvalifiserte for læreplass og får ein god overgang til arbeidslivet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i utvikling av framtidas yrkesfaglege opplæring på Søre Sunnmøre, og skal vere med å lage system for å bidra til at rett elev finn rett plass i skulen og seinare læreplass i arbeidslivet. Stillinga vil vere sentral i utviklinga av skulen sitt formidlingsarbeid.

Prosjektleiar vil fungere som eit bindeledd mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, bedrifter, kommunale arbeidsplassar, opplæringskontor og Opplæring i bedrift.

Som prosjektleiar skal du:

  • utvikle og koordinere ei samanhengande karriereløype frå 8. trinn til fagbrev
  • skape tettare samarbeid mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, arbeidsplassar og opplæringskontor
  • bidra til å vidareutvikle skulen sitt arbeid med karriererettleiing og overgangar mellom dei ulike opplæringsarenaene
  • lage system for arbeidet med å få fleire elevar kvalifiserte til læreplass
  • vidareutvikle faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) som den viktigaste arenaen for kvalifisering til læreplass, i samarbeid med faglærarar på skulen
  • ta ansvar for utviklinga av lokale læreplanar i YFF-faget, i samarbeid med skule og arbeidsliv
  • bidra inn mot planlegging og gjennomføring av Karrieredagar, Open dag, Hospitering, foreldremøte og andre tiltak i karriereløypa
  • bidra til kompetanseheving for lærarar, bedrifter og føresette om yrkesfaglege karrierevegar
  • utvikle møteplassar for lærlingar, lærekandidatar og bedrifter
  • arbeide aktivt for inkludering, mangfald og gode overgangar for elevar som treng ekstra støtte
  • sikre framdrift, evaluering og rapportering i prosjektet

Vi søkjer deg som har:

  • erfaring frå opplæring, karriererettleiing, fag- og yrkesopplæring
  • erfaring med utviklings- eller prosjektarbeid
  • god forståing for samanhengen mellom utdanning, kompetansebehov og arbeidsliv
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • undervisningskompetanse innan eitt av programområda skulen tilbyr er ønskeleg

Vi ser etter deg som:

  • er initiativrik og utviklingsorientert
  • bygger gode relasjonar og skaper engasjement
  • arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • har evne til å få ulike aktørar til å arbeide mot felles mål
  • trivast med både strategisk utviklingsarbeid og operativ oppfølging
  • har tru på at gode samarbeid gir fleire ungdomar moglegheit til å lukkast

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

  • ei innhaldsrik og samfunnsviktig stilling med stor påverknadskraft
  • høve til å forme framtidas samarbeid mellom skule og arbeidsliv på Søre Sunnmøre
  • deltaking i utvikling av nye modellar for karriererettleiing, kvalifisering og formidling til læreplass
  • samarbeid med engasjerte fagmiljø innan utdanning, næringsliv og offentleg sektor
  • løn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • spennande utviklingsperiode for Ørsta vidaregåande skule, på vegen mot ny lokalisering i Ørsta kultur- og kompetansesenter

3× plus de chances d’entretien avec un cold email

Candidater à cette offre

Comment candidater ?

L’offre est publiée sur le site de Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]. Ouvrez l’offre originale ↗ pour y déposer votre candidature. Screeningpass ne remplit pas de formulaire à votre place.

À qui écrire chez Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta] pour ce poste ?

Lancez une recherche de contact depuis cette page. Screeningpass vous propose jusqu’à trois personnes liées au poste. Vous choisissez celle à qui écrire, puis Screeningpass cherche son email professionnel et prépare un message. Vous le relisez et l’envoyez vous-même avec Gmail. Une adresse email n’est pas toujours disponible, et une réponse n’est jamais garantie.

Combien coûte la recherche d’un contact ?

Une recherche coûte 1 crédit. Le crédit vous est rendu si la recherche échoue. L’inscription offre 3 crédits, soit 3 recherches.

À quoi sert Screeningpass ?

Screeningpass rassemble des offres de stage, d’alternance et d’emploi publiées par les entreprises. Pour une offre, Screeningpass trouve une personne à contacter dans l’entreprise, cherche son email professionnel et prépare un message à partir de votre CV. Voir le fonctionnement en détail.