← Toutes les offres

Vestland fylkeskommune assure des services publics régionaux, notamment l’enseignement secondaire supérieur et les transports dans le Vestland.

Repères sur Vestland fylkeskommune
Secteur
Secteur public
Domaine officiel
vestlandfylke.no
Offres ouvertes
26

Détails de l’offre

La description complète publiée par Vestland fylkeskommune.

Skulen har ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar.

For å hjelpe oss med å utvikle og vidareføre eit trygt og godt miljø for elevane våre, søkjer vi ein miljøarbeidar som kan støtte elevane i skulekvardagen.

Stillinga følgjer skuleåret, noko som inneber 89 % løn i 100 % stilling.

Askøy vidaregående skule har omlag 780 elevar og 125 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med god offentleg kommunikasjon til alle delar av Askøy og Bergen.

Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.

Vi har som mål at alle elevar på skulen vår skal ha ein trygg og god skulekvardag, med rom for læring og deltaking i fellesskapet.

Hovudoppgåva i stillinga er å vere ein tydeleg vaksen i skule- og elevmiljøet, byggje gode relasjonar med elevane og støtte dei i praktiske spørsmål og utfordringar i kvardagen.

Å motivere elevane til aktiv deltaking i eiga opplæring og til å engasjere seg i elevmiljøet er ei sentral oppgåve.

Miljøarbeidaren vil vere involvert i gjennomføring av ulike aktivitetar ved skulen og vere ein ressurs i oppgåver knytte til skulemiljøet.

Miljøarbeidaren er ein del av elevtenesta og samarbeider tett med miljøkoordinator og andre fagpersonar i det daglege arbeidet.

  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og ungdom
  • Krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarende
  • Relevant kurs- og kompetanseheving innan ungdomsarbeid, relasjonsbygging, psykososialt arbeid, konflikthandtering eller liknande er ein fordel
  • Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule
  • Søkjar må ha gode samarbeidsevner, med evne og vilje til å ta ei aktiv rolle i laget rundt eleven
  • Du må vere fleksibel og positiv i møte med mange ulike oppgåver i løpet av ein dag
  • Som miljøarbeidar er det eit krav at du har eit positivt elevsyn, med tru på den enkelte ungdom
  • Du må vera venleg, tydeleg og strukturert, og engasjere deg i arbeidet for eit godt skulemiljø
  • Du er initiativrik og tek ansvar for å sjå og følgje opp behov i skulekvardagen
  • Du arbeider sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre
  • Du har god rolleforståing og evne til å utøve rolla som miljøarbeidar på ein profesjonell og tillitsskapande måte Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på ved tilsetjing.
  • Eit mangfaldig elevmiljø og eit aktivt skulemiljø
  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der elevane står i sentrum
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk i Vestland fylkeskommune

3× plus de chances d’entretien avec un cold email

Candidater à cette offre

Comment candidater ?

L’offre est publiée sur le site de Vestland fylkeskommune. Ouvrez l’offre originale ↗ pour y déposer votre candidature. Screeningpass ne remplit pas de formulaire à votre place.

À qui écrire chez Vestland fylkeskommune pour ce poste ?

Lancez une recherche de contact depuis cette page. Screeningpass vous propose jusqu’à trois personnes liées au poste. Vous choisissez celle à qui écrire, puis Screeningpass cherche son email professionnel et prépare un message. Vous le relisez et l’envoyez vous-même avec Gmail. Une adresse email n’est pas toujours disponible, et une réponse n’est jamais garantie.

Combien coûte la recherche d’un contact ?

Une recherche coûte 1 crédit. Le crédit vous est rendu si la recherche échoue. L’inscription offre 3 crédits, soit 3 recherches.

À quoi sert Screeningpass ?

Screeningpass rassemble des offres de stage, d’alternance et d’emploi publiées par les entreprises. Pour une offre, Screeningpass trouve une personne à contacter dans l’entreprise, cherche son email professionnel et prépare un message à partir de votre CV. Voir le fonctionnement en détail.