← Toutes les offres

Luster kommune assure les services publics municipaux de Luster, notamment l’éducation, la santé et l’aide sociale.

Repères sur Luster kommune
Domaine officiel
luster.kommune.no
Offres ouvertes
3

Détails de l’offre

La description complète publiée par Luster kommune.

Vil du jobba med kart, geodata og digitale løysingar i eit nytt fagmiljø i Sogn? Frå 1. januar 2027 etablerer Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommunar eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS, med Luster kommune som vertskommune. Me søkjer ein GIS-rådgjevar i 100 % fast stilling, med oppstart 1. januar 2027. Det er opning for å ha arbeidsstad i ein av kommunane i samarbeidet. Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar.

Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal levera tenester til alle dei fem kommunane. Om stillinga Som GIS-rådgjevar vil du arbeida med forvaltning, produksjon og utvikling av kart og geodata. Du vil samarbeida tett med fagansvarleg for kart og GIS, den andre GIS-rådgjevaren og resten av fagmiljøet i samarbeidet, i tillegg til relevante fagmiljø i kommunane. Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Arbeidet omfattar både dagleg forvaltning av kart- og geodata, brukarstøtte og utvikling av løysingar og arbeidsmåtar.

Oppgåver og ressursar skal nyttast på tvers av kommunegrensene, slik at alle kommunane får likeverdige tenester. Sentrale arbeidsoppgåver

  • forvaltning, ajourhald og kvalitetssikring av kart- og geodata
  • produksjon av kart, temakart, analysar og geografiske datasett
  • arbeid i GISLine og andre relevante GIS- og kartløysingar
  • webkart, innsynsløysingar og digitale karttenester
  • planregister, FKB, AR5 og andre relevante kommunale geodata
  • brukarstøtte og rettleiing innan GIS og kartløysingar
  • utlevering og tilrettelegging av kart- og geodata
  • utvikling og standardisering av rutinar og arbeidsmåtar på tvers av kommunane
  • samarbeid med plan, byggjesak, oppmåling, tekniske tenester og andre fagområde som nyttar geografisk informasjon
  • utviklings- og digitaliseringsoppgåver innan fagområdet Arbeidsoppgåvene er dynamiske og vil kunna endra seg i takt med den teknologiske utviklinga, behova i kommunane og vidare utvikling av samarbeidet.

Kven ser me etter? Me ser etter deg som har interesse for GIS, kart og geodata og som ønskjer å vera del av eit større fagmiljø.

  • relevant høgare utdanning innan GIS, geomatikk, geografi, IT eller anna relevant fagområde
  • kompetanse innan GIS og geografiske data
  • god digital kompetanse og systemforståing
  • evne til å arbeida strukturert med data og kvalitet
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Relevant praksis kan kompensera for delar av utdanningskravet. Erfaring med GISLine og andre løysingar frå Norkart er ein klar fordel. Det same gjeld erfaring frå kommunal GIS- og geodataforvaltning, FKB, Geovekst, planregister, webkart eller andre relevante kart- og fagsystem. Dersom du ikkje har erfaring med GISLine frå før, må du vera førebudd på å tileigna deg denne kompetansen. Me ser etter deg som
  • er nøyaktig, strukturert og oppteken av kvalitet
  • er løysingsorientert og interessert i teknologi og utvikling
  • samarbeider godt og deler kunnskap med andre
  • tek initiativ og kan arbeida sjølvstendig
  • er serviceinnstilt og trivst med å hjelpa brukarar med ulik fagkompetanse
  • er fleksibel og ser på dei fem kommunane som eitt felles arbeidsområde Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Me tilbyr

  • ei sentral fagrolle i eit nytt interkommunalt samarbeid
  • varierte oppgåver innan kart, GIS og geodata i fem kommunar
  • eit større fagmiljø med tre tilsette innan kart og GIS og tett samarbeid med fagmiljøet innan oppmåling og matrikkel
  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • moglegheiter for fagleg utvikling og relevant kompetanseheving
  • tilgang til relevant fagprogramvare og digitale verktøy
  • fleksitidsordning
  • løn etter avtale/gjeldande tariffavtale
  • kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

3× plus de chances d’entretien avec un cold email

Candidater à cette offre

Comment candidater ?

L’offre est publiée sur le site de Luster kommune. Ouvrez l’offre originale ↗ pour y déposer votre candidature. Screeningpass ne remplit pas de formulaire à votre place.

À qui écrire chez Luster kommune pour ce poste ?

Lancez une recherche de contact depuis cette page. Screeningpass vous propose jusqu’à trois personnes liées au poste. Vous choisissez celle à qui écrire, puis Screeningpass cherche son email professionnel et prépare un message. Vous le relisez et l’envoyez vous-même avec Gmail. Une adresse email n’est pas toujours disponible, et une réponse n’est jamais garantie.

Combien coûte la recherche d’un contact ?

Une recherche coûte 1 crédit. Le crédit vous est rendu si la recherche échoue. L’inscription offre 3 crédits, soit 3 recherches.

À quoi sert Screeningpass ?

Screeningpass rassemble des offres de stage, d’alternance et d’emploi publiées par les entreprises. Pour une offre, Screeningpass trouve une personne à contacter dans l’entreprise, cherche son email professionnel et prépare un message à partir de votre CV. Voir le fonctionnement en détail.