Helse Førde assure des soins hospitaliers et spécialisés dans la région de Sogn og Fjordane.
Sjukepleiarar
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus: - 100 % fast stilling, oppstart etter avtale - 70 % fast stilling, oppstart etter avtale - 100 % årsvikariat, oppstart etter avtale Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle. Vi tek gjerne i…
3× plus de chances d’entretien avec un cold email
Voir l’offre originaleRepères sur Helse Førde
- Secteur
- Santé, pharmacie et biotech
- Offres ouvertes
- 43
Détails de l’offre
La description complète publiée par Helse Førde.
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus:
- 100 % fast stilling, oppstart etter avtale
- 70 % fast stilling, oppstart etter avtale
- 100 % årsvikariat, oppstart etter avtale
Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle. Vi tek gjerne imot søknad frå deg som blir ferdig utdanna sjukepleiar til jul 2026. Arbeidstid
- Stillinga inngår i tredelt turnus.
- Arbeid kvar tredje helg. Om avdelinga Ortopedisk sengepost har over tid jobba målretta med opplærings- og mentorprogram for å gi nytilsette ein trygg og god start. Vi set stor pris på å få nye kollegaer! Avdelinga har ei god blanding av erfarne og nyare pleiarar, noko som bidreg til at det er eit sterkt læringsmiljø og alltid ein kollega som kan hjelpe deg når du treng det. Ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass med stor pasientvariasjon. Vi held til i moderne og funksjonelle lokale i Livabygget og har om lag 43 årsverk fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og assistentar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, fagutvikling og pasienttryggleik står sentralt. Vi legg vekt på god opplæring, kunnskapsdeling og støtte i kvardagen, slik at både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar skal kjenne seg trygge og utvikle seg fagleg.
Som sjukepleiar ved ortopedisk sengepost får du ein variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og eit breitt spekter av ortopediske problemstillingar. Du får arbeide tett saman med ulike faggrupper og vere ein viktig del av pasientforløpet frå innlegging til utskriving. Ved sengeposten behandlar vi pasientar innan:
- traumatologi
- handkirurgi
- skulderkirurgi
- protesekirurgi – hofte, kne, skulder
- fotkirurgi
- ryggkirurgi
Dette gir deg moglegheit til å byggje brei kompetanse innan ortopedisk sjukepleie i eit aktivt og lærerikt miljø.
Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst. Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen.
Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune
- Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov
- Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande
- Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar
- Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter
- Du har gruppeleiarfunksjon ved behov
- Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt
- Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten
- Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper
- Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Candidater à cette offre
Comment candidater ?
L’offre est publiée sur le site de Helse Førde. Ouvrez l’offre originale ↗ pour y déposer votre candidature. Screeningpass ne remplit pas de formulaire à votre place.
À qui écrire chez Helse Førde pour ce poste ?
Lancez une recherche de contact depuis cette page. Screeningpass vous propose jusqu’à trois personnes liées au poste. Vous choisissez celle à qui écrire, puis Screeningpass cherche son email professionnel et prépare un message. Vous le relisez et l’envoyez vous-même avec Gmail. Une adresse email n’est pas toujours disponible, et une réponse n’est jamais garantie.
Combien coûte la recherche d’un contact ?
Une recherche coûte 1 crédit. Le crédit vous est rendu si la recherche échoue. L’inscription offre 3 crédits, soit 3 recherches.
À quoi sert Screeningpass ?
Screeningpass rassemble des offres de stage, d’alternance et d’emploi publiées par les entreprises. Pour une offre, Screeningpass trouve une personne à contacter dans l’entreprise, cherche son email professionnel et prépare un message à partir de votre CV. Voir le fonctionnement en détail.