SFE produit de l’électricité renouvelable et exploite des installations hydroélectriques dans l’ouest de la Norvège.
Lærling automasjon
Vil du bli lærling i SFE? SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida. Vi er godkjend lærebedrift innan automasjonsfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som …
3× plus de chances d’entretien avec un cold email
Voir l’offre originaleRepères sur SFE
- Domaine officiel
- sfe.no
- Offres ouvertes
- 4
Détails de l’offre
La description complète publiée par SFE.
Vil du bli lærling i SFE?
SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida.
Vi er godkjend lærebedrift innan automasjonsfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande og lærerik læretid i ei framtidsretta næring.
Kva jobbar ein automatikar med i kraftbransjen?
Som automatikarlærling får du arbeide med drift, vedlikehald og vidareutvikling av styre-, regulerings- og overvakingssystem som er avgjerande for kraftproduksjonen vår. Du vil vere med på å sikre at avanserte tekniske anlegg fungerer trygt og effektivt.
Gjennom læretida får du arbeide med instrumentering, sensorar, kontrollanlegg, PLS-system, feilsøking og vedlikehald av automatiserte prosessar. Du vil samarbeide tett med erfarne fagarbeidarar, ingeniørar og andre spesialistar i eit tverrfagleg miljø.
Som lærling i SFE får du
- opplæring i tråd med læreplanen for automasjonsfaget
- tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar
- erfaring frå drift, vedlikehold og prosjekt i våre kraftverk
- arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur
- vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- gode velferdsordningar
Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi, automasjon og digitale løysingar, likar å finne årsaker til feil og løyse tekniske utfordringar, er praktisk anlagt og ønskjer å lære gjennom erfaring, er ansvarsbevisst og har fokus på kvalitet i arbeidet, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø.
Kvifor velje SFE?
I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda, og bidreg til at anlegga våre blir drivne sikkert, effektivt og framtidsretta.
Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den høge faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling.
Som lærling i automasjonsfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune.
Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg.
For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon 913 50 826.
Candidater à cette offre
Comment candidater ?
L’offre est publiée sur le site de SFE. Ouvrez l’offre originale ↗ pour y déposer votre candidature. Screeningpass ne remplit pas de formulaire à votre place.
À qui écrire chez SFE pour ce poste ?
Lancez une recherche de contact depuis cette page. Screeningpass vous propose jusqu’à trois personnes liées au poste. Vous choisissez celle à qui écrire, puis Screeningpass cherche son email professionnel et prépare un message. Vous le relisez et l’envoyez vous-même avec Gmail. Une adresse email n’est pas toujours disponible, et une réponse n’est jamais garantie.
Combien coûte la recherche d’un contact ?
Une recherche coûte 1 crédit. Le crédit vous est rendu si la recherche échoue. L’inscription offre 3 crédits, soit 3 recherches.
À quoi sert Screeningpass ?
Screeningpass rassemble des offres de stage, d’alternance et d’emploi publiées par les entreprises. Pour une offre, Screeningpass trouve une personne à contacter dans l’entreprise, cherche son email professionnel et prépare un message à partir de votre CV. Voir le fonctionnement en détail.