← Todas las ofertas

Bufdir es la dirección noruega de infancia, juventud y familia, que también trabaja en protección infantil e igualdad.

Datos sobre Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Sector
Sector público
Dominio oficial
bufdir.no
Ofertas abiertas
23

Detalles de la oferta

La descripción completa publicada por Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Einingsleiar Bli einingsleiar ved Kasa! Vi søkjer ein engasjert leiar for barn og unge. Saman skaper vi trygge og utviklande tiltak!

Om stillinga og arbeidsstaden Vi søkjer ein engasjert, dyktig og utviklingsorientert einingsleiar med hjarte for å ivareta og trygge barn og unge i ein sårbar situasjon. Kasa er ein av landets største statlige barnevernsinstitusjonar som gir tilbod til barn/unge i alderen 13-18 (20) som av ulike grunnar treng eit opphald i institusjon. Eininga har 3 geogrask spreidde avdelingar med eigne avdelingsleiarar. Desse er plassert på Tertnes, Morvik og Flatøy. Totalt har Kasa 9 plassar og 37 stillingar. Administrasjonen er i dag lokalisert i Solheimsviken.

Vi ser etter ein leiar som ser nye moglegheiter til utvikling av eininga og fagområdet i heilskap. Saman med di leiargruppe og øvrige leiarar skal du bidra til utvikling av tiltaka, og du vil bli ein del av leiarteamet i regionen. Arbeidsstad vil vere i Bergen, men arbeidet vil innebere noko reising.

Arbeidsoppgåver Einingsleiar er direkte underordna avdelingsdirektør for omsorg. Einingsleiar vil få ansvar for vidareutvikling av omsorgstilbodet ved eininga. Du vil være tett på fagfeltet og samhandle med tilsvarande einingar i Vestland og med andre leiarar i regionen. Regionen har over tid hatt satsing på fagleg utvikling, og held fram arbeidet med å auke kvaliteten i tenestetilbodet. Dette skjer både internt i regionen og i nært samarbeid med ulike spisskompetansemiljø. Einingsleiar har eit overordna ansvar for:

  • budsjett og personalansvar for eininga
  • fagleg drift, herunder fagutvikling, kompetanseheving/opplæring av personalet
  • kvalitetssikring av det faglege arbeidet
  • å sørge for god internkontroll på alle driftsområder HMS - ansvar
  • at Kasa Ungdomssenter har eit godt fungerande samarbeid internt og eksternt Tiltaka i region vest er organiserte etter ulike målgrupper, og einingsleiar vil inngå i ei gruppe med leiarar frå andre tiltak.

Kva bakgrunn har du?

  • Minimum treårig høgskuleutdanning innan sosialfag eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.
  • I tillegg vert det krevd minimum 15 stp innan leiing og administrasjon. For kandidatar utan leiarutdanning, vert du forplikta til å gjennomføre dette i løpet av første tenesteår i leiarstillinga.
  • Solid og relevant leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor.
  • Erfaring med personalleiing og personaladministrasjon.
  • Erfaring med strategiske og operative leiaroppgåver, gjerne frå endrings- og utviklingsarbeid.
  • Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samarbeid.
  • Økonomiforståing og erfaring med budsjett- og driftsansvar.
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportering og dokumentasjon.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Det er ønskjeleg med relevant mastergrad.
  • Erfaring frå barnevernsinstitusjon vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar.
  • Du jobbar for god kommunikasjon og samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar.
  • Du er tydeleg og trygg i leiarrolla, er eksibel med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Du er resultatorientert og har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Du legg til rette for eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er nysgjerrig på å lære og deler gjerne kunnskap med andre. For oss er det også svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.

Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i stillingskode 1493 leiar, p.t. frå kr 850 000 - 1 020 000 pr. år.
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd.
  • God støtte fra regionale stabseiningar.
  • Fleksitid.
  • Inntil ein time trening i arbeidstida pr veke.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Kasa ungdomssenter.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggja ved relevante vitnemål og attestar. Dette hjeler oss å få eit godt biltete av bakgrunnen din og kvalifikasjonar.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

På jobb for dei aller med sårbare i samfunnet Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

3× más posibilidades de conseguir una entrevista con un email en frío

Inscribirme en esta oferta

¿Cómo inscribirme?

La oferta está publicada en el sitio de Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Abre la oferta original ↗ para enviar tu candidatura. Screeningpass no rellena formularios por ti.

¿A quién escribir en Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) para este puesto?

Inicia una búsqueda de contacto desde esta página. Screeningpass te propone hasta tres personas vinculadas al puesto. Tú eliges a quién escribir y Screeningpass busca su correo profesional y prepara un mensaje. Lo revisas y lo envías tú con Gmail. No siempre hay una dirección de correo disponible y nunca se garantiza una respuesta.

¿Cuánto cuesta buscar un contacto?

Una búsqueda cuesta 1 crédito. Se te devuelve si la búsqueda falla. Al registrarte recibes 3 créditos, para hacer 3 búsquedas.

¿Para qué sirve Screeningpass?

Screeningpass reúne ofertas de prácticas y empleo publicadas por las empresas. Para una oferta, Screeningpass encuentra una persona con la que contactar en la empresa, busca su correo profesional y prepara un mensaje a partir de tu CV. Ver el funcionamiento en detalle.