Haram kommune presta servicios municipales en Haram, entre ellos educación y salud.
Rådgjevar
Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon. Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spel…
3× más posibilidades de conseguir una entrevista con un email en frío
Ver la oferta originalDatos sobre Haram kommune
- Dominio oficial
- haram.kommune.no
- Ofertas abiertas
- 8
Detalles de la oferta
La descripción completa publicada por Haram kommune.
Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon.
Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spele kvarandre gode og samarbeide på tvers, slik at innbyggjarane får samanhengande oppfølging når dei treng hjelp frå fleire tenester.
Som rådgjevar i fagstaben støttar du kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling. Du følgjer opp tenesteområda, utarbeider saksframlegg og avgjerdsgrunnlag og koordinerer utviklingsarbeid som involverer fleire tenester.
Ei av oppgåvene dine er å leie og koordinere innføringa av betre tverrfagleg innsats (BTI) i Haram kommune. Du samarbeider med leiarar og ressurspersonar om opplæring og følgjer opp at tenestene tek modellen i bruk i det daglege arbeidet.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
- Leie og koordinere BTI-arbeidet i Haram kommune og følgje opp innføringa av BTI-modellen i tenestene. Dette inneber å samarbeide med leiarar og ressurspersonar om opplæring og om å ta modellen i bruk i det daglege arbeidet.
- Følgje opp tenesteområda i Livsløp, handsame saker og utføre forvaltningsoppgåver.
- Utarbeide saksframlegg og andre avgjerdsgrunnlag og bidra til planarbeid, rapportering og oppfølging av vedtak.
- Leggje til rette for samhandling og samskaping i og på tvers av kommunalområda.
- Følgje opp SLT-arbeidet med samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak.
- Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
- Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, samfunnsfag eller offentleg administrasjon.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og evne til å skrive klart og presist på nynorsk.
- God digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye system og arbeidsverktøy. Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning, sakshandsaming eller utviklingsarbeid på tvers av tenester. Kjennskap til BTI eller erfaring med å innføre nye arbeidsmåtar i ei verksemd er òg ein fordel.
- Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og følgjer opp oppgåver til dei er ferdige.
- Du får med deg leiarar og medarbeidarar når nye arbeidsmåtar skal takast i bruk.
- Du samarbeider godt med ulike fagmiljø og får fram perspektiva deira.
- Du set deg raskt inn i nye problemstillingar og formidlar komplekse saker på ein forståeleg måte. Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
- Varierte oppgåver innan forvaltning, samhandling og tenesteutvikling.
- Tett samarbeid med kommunalsjef, tenesteleiarar og fagmiljø i Livsløp og resten av kommunen.
- Høve til å påverke korleis tenestene samarbeider om tidleg innsats for barn, unge og familiar.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
Inscribirme en esta oferta
¿Cómo inscribirme?
La oferta está publicada en el sitio de Haram kommune. Abre la oferta original ↗ para enviar tu candidatura. Screeningpass no rellena formularios por ti.
¿A quién escribir en Haram kommune para este puesto?
Inicia una búsqueda de contacto desde esta página. Screeningpass te propone hasta tres personas vinculadas al puesto. Tú eliges a quién escribir y Screeningpass busca su correo profesional y prepara un mensaje. Lo revisas y lo envías tú con Gmail. No siempre hay una dirección de correo disponible y nunca se garantiza una respuesta.
¿Cuánto cuesta buscar un contacto?
Una búsqueda cuesta 1 crédito. Se te devuelve si la búsqueda falla. Al registrarte recibes 3 créditos, para hacer 3 búsquedas.
¿Para qué sirve Screeningpass?
Screeningpass reúne ofertas de prácticas y empleo publicadas por las empresas. Para una oferta, Screeningpass encuentra una persona con la que contactar en la empresa, busca su correo profesional y prepara un mensaje a partir de tu CV. Ver el funcionamiento en detalle.