← Alla annonser

Beskrivningen av det här företaget är ännu inte tillgänglig på det här språket.

Fakta om Stranda kommune
Officiell domän
stranda.kommune.no
Lediga jobb
5

Om annonsen

Den fullständiga beskrivningen som publicerats av Stranda kommune.

I Sunnylven distrikt er det 23 omsorgsbustadar og i G eiranger distrikt er det 9 omsorgsbustadar. Det blir gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til bebuarane på omsorgsbustadane, i tillegg til eit varierande antal heimebuande.

Vil du vere med å styrkje fagkompetansen og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene?

Vi har ledig nyoppretta 100% fast stilling som fagsjukepleiar frå 01.03.2027

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som ønskjer å bidra til kvalitetsutvikling, kompetanseheving og kunnskapsbasert praksis i tenesta.

Som fagsjukepleiar vil du vere ein viktig fagleg ressurs for medarbeidarar og avdelingsleiar. Du vil kombinere klinisk arbeid med fagutvikling, undervisning og rettleiing, og bidra til at tenesta utviklar seg i takt med framtidige behov.

Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus. Arbeidsstad vil vere i Sunnylven distrikt, men ein må pårekne å reise til Geiranger distrikt ved behov. Kvifor velge oss:

  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
  • Muligheit for vidareutdanning med støtte
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det bli vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige (helt eller delvis) for ein tidsavgrensa periode
  • Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
  • God fastløn

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

Klinisk arbeid

  • Utføre ordinære sjukepleieoppgåver i turnus
  • Gi heilskapleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarar
  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med gjeldande lovverk og faglege retningslinjer
  • Bidra til gode relasjonar og samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskaplege tenester
  • Bidra til at tenesta vert utført i samsvar med lovverk, kommunale føringar og fagleg forsvarleg praksis Fagutvikling og kvalitetsarbeid
  • Bidra til utvikling, implementering og revisjon av rutinar, prosedyrar og faglege retningslinjer
  • Bidra til kunnskapsbasert praksis og kvalitetsforbetring i tenesta
  • Delta i arbeid med pasientsikkerheit og kontinuerleg forbetring
  • Bidra til utvikling av framtidsretta arbeidsmetodar og tenester
  • Medverke ved innføring og vidareutvikling av velferdsteknologiske løysingar Undervisning og kompetanseheving
  • Planleggje og gjennomføre internundervisning og faglege kompetansetiltak i samarbeid med avdelingsleiar
  • Rettleie medarbeidarar i kliniske kvardagssituasjonar
  • Vere ein fagleg støttespelar i krevjande og komplekse pasientsituasjonar
  • Fremje refleksjon, læring og deling av fagkunnskap i personalgruppa Dokumentasjon og pasientoppfølging
  • Rettleie medarbeidarar i dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande lovverk og faglege retningslinjer
  • Bidra til heilskapleg oppfølging av brukarar med samansette og komplekse helseutfordringar
  • Styrkje fokus på meistring, eigenomsorg og rehabiliterande arbeidsmetodar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant klinisk erfaring frå kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta.
  • Erfaring med undervisning, rettleiing og kompetanseutvikling av medarbeidarar er ein fordel.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • God digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding

Vi ser etter deg som:

  • Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er strukturert, løysingsorientert og initiativrik
  • Er trygg i rettleiing og undervisning av kollegaer
  • Er tolmodig, empatisk og viser respekt for brukarane og pårørande sine ynskje og behov Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter. Offentleg tenestepensjon for nytilsette Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Förkunskapskrav

  • Norsk sjuksköterskelegitimation.
  • Relevant klinisk erfarenhet.
  • Goda digitala kunskaper och erfarenhet av elektroniska patientjournaler.
  • Goda kunskaper i norska i tal och skrift.
  • Körkort klass B.

Förmåner som nämns

  • Vidareutbildning kan erbjudas med stöd.
  • Goda pensions- och försäkringsvillkor.

3× större chans till intervju med ett kallt mejl

Sök jobbet

Hur söker jag?

Annonsen är publicerad på Stranda kommunes webbplats. Öppna originalannonsen ↗ för att skicka in din ansökan. Screeningpass fyller inte i formulär åt dig.

Vem kan du skriva till på Stranda kommune om den här tjänsten?

Starta en kontaktsökning från den här sidan. Screeningpass föreslår upp till tre personer med koppling till tjänsten. Du väljer vem du vill skriva till, sedan söker Screeningpass efter personens e-postadress på jobbet och förbereder ett meddelande. Du läser igenom det och skickar det själv med Gmail. Det finns inte alltid en e-postadress tillgänglig, och du är aldrig garanterad ett svar.

Vad kostar det att hitta en kontakt?

En sökning kostar 1 kredit. Du får tillbaka krediten om sökningen misslyckas. När du skapar konto får du 3 krediter, vilket räcker till 3 sökningar.

Vad används Screeningpass till?

Screeningpass samlar annonser för praktik, lärlingsanställningar och jobb som publicerats av företag. För en annons hittar Screeningpass en person att kontakta på företaget, söker efter personens jobbmejladress och tar fram ett meddelande utifrån ditt CV. Se hur det fungerar i detalj.