← Alla annonser

Beskrivningen av det här företaget är ännu inte tillgänglig på det här språket.

Fakta om Haram kommune
Officiell domän
haram.kommune.no
Lediga jobb
8

Om annonsen

Den fullständiga beskrivningen som publicerats av Haram kommune.

Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule? Vi søkjer etter to lærarar til 100% vikariatstilling resten av skuleåret 2026-2027 med ønskje om oppstart snarast råd etter tilsetjing. Stillingane vil vere på mellomtrinnet og ungdsomstrinnet. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med i underkant av 400 elevar frå

  • til
  • trinn. Visjonen til skulen er; "Eigne steg, felles veg". Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen. Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

  • Planleggje og leie elevane si læring
  • Individuell tilrettelagt undervisning for smågrupper og enkeltelevar vil vere ein del av undervisninga
  • Gje elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar
  • Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Verdsette og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim
  • Samarbeide godt med andre faginstansar
  • Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
  • Vere ein aktiv del av eit profesjonsfagleg læringsfelleskap i utviklingsarbeid
  • Stillinga og arbeidsoppgåvene vil vere på mellom- og/eller ungdomstrinnet, alt etter skulen sitt samla behov og kompetanse til søkjarar. Oppgje gjerne kva som er aktuelt/ønskjeleg i søknaden.
  • Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen og formell utdanning i undervisningsfag
  • Det er ein fordel med brei fagkompetanse og at ein stettar formelle krav til undervisning i fleire fag
  • Engelsk og spesialpedagogikk er kompetanse som vil vere positivt
  • Gode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringa
  • God digital kompetanse
  • Godkjent politi- og tuberkulinattest
  • Tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn
  • God på å byggje relasjonar
  • Likar å samarbeide tett med kollegaer
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Lagspelar som deler eigen kompetanse
  • Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Spanande lærarstillingar der ein kan vere med og skape innhald og kultur i ein ny skule
  • Topp moderne undervisningslokale og arbeidsplassar
  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • God pensjonsordning gjennom SPK
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt

3× större chans till intervju med ett kallt mejl

Sök jobbet

Hur söker jag?

Annonsen är publicerad på Haram kommunes webbplats. Öppna originalannonsen ↗ för att skicka in din ansökan. Screeningpass fyller inte i formulär åt dig.

Vem kan du skriva till på Haram kommune om den här tjänsten?

Starta en kontaktsökning från den här sidan. Screeningpass föreslår upp till tre personer med koppling till tjänsten. Du väljer vem du vill skriva till, sedan söker Screeningpass efter personens e-postadress på jobbet och förbereder ett meddelande. Du läser igenom det och skickar det själv med Gmail. Det finns inte alltid en e-postadress tillgänglig, och du är aldrig garanterad ett svar.

Vad kostar det att hitta en kontakt?

En sökning kostar 1 kredit. Du får tillbaka krediten om sökningen misslyckas. När du skapar konto får du 3 krediter, vilket räcker till 3 sökningar.

Vad används Screeningpass till?

Screeningpass samlar annonser för praktik, lärlingsanställningar och jobb som publicerats av företag. För en annons hittar Screeningpass en person att kontakta på företaget, söker efter personens jobbmejladress och tar fram ett meddelande utifrån ditt CV. Se hur det fungerar i detalj.