← Wszystkie oferty

Sveio kommune świadczy usługi publiczne gminy Sveio, w tym w zakresie edukacji, zdrowia i opieki społecznej.

Informacje o Sveio kommune
Oficjalna domena
sveio.kommune.no
Aktualne oferty
3

Szczegóły oferty

Pełny opis opublikowany przez Sveio kommune.

Økonomirådgjevar Sveio kommune søkjer ein økonomirådgjevar til ei sjølvstendig rolle innan budsjett, analyse og rapportering. I tett samarbeid med kommunalsjef for oppvekst og for helse får du bidra til god økonomistyring og utvikla det økonomifaglege arbeidet.

Om stillinga Sveio kommune søkjer ein økonomirådgjevar som ser samanhengar og omset tal til innsikt. Du får ei sjølvstendig og sentral rolle i budsjett-, analyse- og rapporteringsarbeidet, med hovudvekt på oppvekstområdet og oppgåver også innan helse. I tett samarbeid med kommunalsjefen for oppvekst og for helse skal du bidra til heilskapleg økonomisk oversikt og gode avgjerdsgrunnlag for leiinga. Oppvekstområdet i Sveio omfattar to kommunale- og tre private barnehagar, fem skular, Barn og familie eining og eit kultursenter.

Dette er tenester som betyr mykje for barn, unge og familiar i kommunen. Gjennom faglege vurderingar og råd skal du støtta leiinga i økonomisk oppfølging og prioriteringar. Her får du kombinera sjølvstendig fagleg arbeid med tett samarbeid – og bruka økonomikompetansen din til å skapa gode rammer for viktige tenester til innbyggjarane.

Arbeidsoppgåver

  • Ha medansvar for budsjett, rekneskap, rapportering og prosjektoppfølging.
  • Bidra med analysar og delta i prosjekt og politisk sakshandsaming innan kommunal forvaltning.
  • Arbeida med ressurs- og rammetildeling til den enkelte barnehage og skule.
  • Ha medansvar for rapportering i GSI og BASIL.
  • Berekna tilskot til private barnehagar.
  • Gi økonomifagleg støtte og rettleiing til einingsleiarane.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan økonomi.
  • Anna relevant utdanning kombinert med praksis kan vera aktuelt.
  • Relevant arbeidserfaring innan dei aktuelle arbeidsområda er ein fordel.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan områda oppvekst og helse er ein fordel.
  • Gode digitale ferdigheiter, kompetanse i avansert bruk av Excel og kjennskap til økonomi- og HR-system.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Nynorsk er skriftspråket i Sveio kommune.

Personlege eigenskapar

  • Du samarbeider godt med andre og arbeider sjølvstendig.
  • Du arbeider strukturert, nøyaktig og målretta.
  • Du har gode analytiske evner og omset økonomisk informasjon til forståelege vurderingar og råd.
  • Du tek initiativ og finn løysingar i samarbeid med andre.
  • Du prioriterer oppgåver og held oversikt, også i periodar med høgt arbeidstempo.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og lærerike arbeidsoppgåver i eit engasjert arbeidsfellesskap med høg fagleg kompetanse.
  • Høve til å påverka og vidareutvikla det økonomifaglege arbeidet innan oppvekst og helse.
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om Sveio kommune Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

3× większe szanse na rozmowę kwalifikacyjną dzięki cold emailowi

Aplikuj na tę ofertę

Jak aplikować?

Oferta jest opublikowana na stronie Sveio kommune. Otwórz oryginalną ofertę ↗ aby wysłać aplikację. Screeningpass nie wypełnia formularza za Ciebie.

Do kogo w Sveio kommune napisać w sprawie tego stanowiska?

Rozpocznij wyszukiwanie kontaktu na tej stronie. Screeningpass zaproponuje Ci maksymalnie trzy osoby związane ze stanowiskiem. Wybierz osobę, do której chcesz napisać, a Screeningpass poszuka jej służbowego adresu e-mail i przygotuje wiadomość. Sprawdź ją i wyślij samodzielnie przez Gmail. Adres e-mail nie zawsze jest dostępny i nigdy nie ma gwarancji odpowiedzi.

Ile kosztuje wyszukanie kontaktu?

Jedno wyszukiwanie kosztuje 1 kredyt. Jeśli wyszukiwanie się nie powiedzie, kredyt wróci na Twoje konto. Za rejestrację otrzymasz 3 kredyty, czyli 3 wyszukiwania.

Do czego służy Screeningpass?

Screeningpass zbiera publikowane przez firmy oferty staży, kształcenia dualnego i pracy. Dla danej oferty Screeningpass znajduje osobę do kontaktu w firmie, szuka jej służbowego adresu e-mail i przygotowuje wiadomość na podstawie Twojego CV. Zobacz szczegółowo, jak to działa.