Tämän yrityksen kuvaus ei ole vielä saatavilla tällä kielellä.
Rektor
Vil du vere med og løfte skulen vår? Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor Har du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap? Då kan du vere den nye rektoren vår! Skulen har om lag 125 elevar frå 1.–10. trinn. Me ønsk…
3× paremmat mahdollisuudet päästä haastatteluun suoralla sähköpostilla
Katso alkuperäinen ilmoitusTietoa: Ulvik herad
- Virallinen verkkotunnus
- ulvik.kommune.no
- Avoimet työpaikat
- 6
Työpaikan tiedot
Koko kuvauksen julkaisija: Ulvik herad.
Vil du vere med og løfte skulen vår? Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor Har du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap? Då kan du vere den nye rektoren vår! Skulen har om lag 125 elevar frå 1.–10. trinn. Me ønskjer å vere ein skule der alle elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle, meistring og læringsglede. Me har ambisjonar for skulen vår!
Framover vil me særleg styrkje arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø og løfte elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, med særleg vekt på lesing og rekning. Me søkjer ein rektor som kan samle medarbeidarane om ei felles retning og leie dette utviklingsarbeidet med engasjement og gjennomføringskraft. Arbeidsoppgåver Som rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk leiing, personalleiing og drift av skulen. Sentrale oppgåver er å:
- leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og styrkje elevane sitt læringsutbyte
- bruke elevresultat aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
- leie arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø
- vidareutvikle tilpassa opplæring, tidleg innsats og spesialpedagogisk tilrettelegging
- byggje eit sterkt profesjonsfellesskap og utvikle medarbeidarane
- sikre godt samarbeid mellom skule, heim og lokalsamfunn
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- krav om godkjend lærarutdanning
- har leiarutdanning eller er villig å ta slik utdanning
- har god pedagogisk forståing og kompetanse innan skuleutvikling
- har forståing for spesialpedagogikk, tilpassa opplæring og sosialpedagogisk arbeid
- har kunnskap om førebygging og utvikling av gode skulemiljø
- er ein trygg, tydeleg og relasjonsorientert leiar
- evnar å skape engasjement, felles retning og resultat gjennom andre
- har gjennomføringsevne og mot til å leie utviklingsprosessar
Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av læringsresultat og skulemiljøarbeid vil bli vektlagd. Vi er også opne for søkjarar med solid pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar som ønskjer å ta steget inn i ei leiarstilling. Me tilbyr
- ei meiningsfull og spennande leiarstilling
- høve til å påverke og setje retning for skulen si vidare utvikling
- ein arbeidskvardag med nærleik til elevar, medarbeidarar og føresette
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk Vil du vere med og gjere ein forskjell? Me søkjer ein rektor som ser moglegheitene i skulen, har høge ambisjonar på elevane sine vegner og vil skape utvikling saman med medarbeidarane. Me gler oss til å høyre frå deg!
3× paremmat mahdollisuudet päästä haastatteluun suoralla sähköpostilla
Hae tätä paikkaa
Miten haen paikkaa?
Ilmoitus on julkaistu sivustolla Ulvik herad. Avaa alkuperäinen ilmoitus ↗ ja lähetä hakemuksesi siellä. Screeningpass ei täytä lomaketta puolestasi.
Kenelle yrityksessä Ulvik herad kannattaa kirjoittaa tästä paikasta?
Käynnistä yhteyshenkilön haku tältä sivulta. Screeningpass ehdottaa enintään kolmea tehtävään liittyvää henkilöä. Valitse, kenelle haluat kirjoittaa. Screeningpass etsii henkilön työsähköpostiosoitteen ja valmistelee viestin. Tarkista viesti ja lähetä se itse Gmaililla. Sähköpostiosoitetta ei aina löydy, eikä vastausta voida taata.
Paljonko yhteyshenkilön haku maksaa?
Yksi haku maksaa 1 krediitin. Krediitti palautetaan, jos haku epäonnistuu. Rekisteröityessäsi saat 3 krediittiä eli 3 hakua.
Mihin Screeningpassia käytetään?
Screeningpass kokoaa yhteen yritysten julkaisemia harjoittelu-, oppisopimus- ja työpaikkoja. Screeningpass etsii ilmoitusta varten yrityksestä yhteyshenkilön ja hänen työsähköpostiosoitteensa sekä laatii viestin CV:si pohjalta. Katso tarkemmin, miten se toimii.