← All jobs

Helse Møre og Romsdal provides hospital and specialist healthcare in Møre og Romsdal county.

Information about Helse Møre og Romsdal HF
Sector
Health, pharmaceuticals and biotech
Official domain
helse-mr.no
Open jobs
62

Job details

The full description published by Helse Møre og Romsdal HF.

Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt?

Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling
  • 90 % fast stilling
  • 80 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
  • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane.
  • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve.
  • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar.

- Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik.

- Rettleiing av studentar og kollegaer.

- Samhandling med kommunar.

- Kontinuerlig forbetringsarbeid.

  • Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert
  • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.
  • Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav.
  • Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet.
  • Du er ansvarsbevisst og strukturert.
  • Du har eit fagleg engasjement.
  • Du viser fleksibilitet og evne til omstilling.
  • Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Du er positiv og har gode haldningar.
  • Du er pasientorientert.
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Internundervisning, samt egne fagdagar 2 gongar i året
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

3× more likely to get an interview with a cold email

Apply for this job

How do I apply?

The job is published on Helse Møre og Romsdal HF’s website. Open the original posting ↗ to submit your application. Screeningpass does not fill in a form for you.

Who should you write to at Helse Møre og Romsdal HF about this role?

Start a contact search from this page. Screeningpass suggests up to three people connected to the role. Choose whom to write to, then Screeningpass looks for their professional email and prepares a message. You review it and send it yourself with Gmail. An email address is not always available, and a reply is never guaranteed.

How much does finding a contact cost?

A search costs 1 credit. Your credit is returned if the search fails. Signing up gives you 3 credits, enough for 3 searches.

What does Screeningpass do?

Screeningpass brings together internships, apprenticeships and jobs published by companies. For a job, Screeningpass finds someone to contact at the company, looks for their professional email and prepares a message using your CV. See how it works in detail.