← All jobs

Ulvik herad provides municipal services in Ulvik, including schools, kindergartens and healthcare.

Information about Ulvik herad
Official domain
ulvik.kommune.no
Open jobs
6

Job details

The full description published by Ulvik herad.

Vil du vere med og løfte skulen vår? Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor Har du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap? Då kan du vere den nye rektoren vår! Skulen har om lag 125 elevar frå 1.–10. trinn. Me ønskjer å vere ein skule der alle elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle, meistring og læringsglede. Me har ambisjonar for skulen vår!

Framover vil me særleg styrkje arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø og løfte elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, med særleg vekt på lesing og rekning. Me søkjer ein rektor som kan samle medarbeidarane om ei felles retning og leie dette utviklingsarbeidet med engasjement og gjennomføringskraft. Arbeidsoppgåver Som rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk leiing, personalleiing og drift av skulen. Sentrale oppgåver er å:

  • leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og styrkje elevane sitt læringsutbyte
  • bruke elevresultat aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
  • leie arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø
  • vidareutvikle tilpassa opplæring, tidleg innsats og spesialpedagogisk tilrettelegging
  • byggje eit sterkt profesjonsfellesskap og utvikle medarbeidarane
  • sikre godt samarbeid mellom skule, heim og lokalsamfunn

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • krav om godkjend lærarutdanning
  • har leiarutdanning eller er villig å ta slik utdanning
  • har god pedagogisk forståing og kompetanse innan skuleutvikling
  • har forståing for spesialpedagogikk, tilpassa opplæring og sosialpedagogisk arbeid
  • har kunnskap om førebygging og utvikling av gode skulemiljø
  • er ein trygg, tydeleg og relasjonsorientert leiar
  • evnar å skape engasjement, felles retning og resultat gjennom andre
  • har gjennomføringsevne og mot til å leie utviklingsprosessar

Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av læringsresultat og skulemiljøarbeid vil bli vektlagd. Vi er også opne for søkjarar med solid pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar som ønskjer å ta steget inn i ei leiarstilling. Me tilbyr

  • ei meiningsfull og spennande leiarstilling
  • høve til å påverke og setje retning for skulen si vidare utvikling
  • ein arbeidskvardag med nærleik til elevar, medarbeidarar og føresette
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk Vil du vere med og gjere ein forskjell? Me søkjer ein rektor som ser moglegheitene i skulen, har høge ambisjonar på elevane sine vegner og vil skape utvikling saman med medarbeidarane. Me gler oss til å høyre frå deg!

3× more likely to get an interview with a cold email

Apply for this job

How do I apply?

The job is published on Ulvik herad’s website. Open the original posting ↗ to submit your application. Screeningpass does not fill in a form for you.

Who should you write to at Ulvik herad about this role?

Start a contact search from this page. Screeningpass suggests up to three people connected to the role. Choose whom to write to, then Screeningpass looks for their professional email and prepares a message. You review it and send it yourself with Gmail. An email address is not always available, and a reply is never guaranteed.

How much does finding a contact cost?

A search costs 1 credit. Your credit is returned if the search fails. Signing up gives you 3 credits, enough for 3 searches.

What does Screeningpass do?

Screeningpass brings together internships, apprenticeships and jobs published by companies. For a job, Screeningpass finds someone to contact at the company, looks for their professional email and prepares a message using your CV. See how it works in detail.