← All jobs

Haram kommune provides municipal services in Haram, including education and healthcare.

Information about Haram kommune
Official domain
haram.kommune.no
Open jobs
8

Job details

The full description published by Haram kommune.

Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon.

Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spele kvarandre gode og samarbeide på tvers, slik at innbyggjarane får samanhengande oppfølging når dei treng hjelp frå fleire tenester.

Som rådgjevar i fagstaben støttar du kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling. Du følgjer opp tenesteområda, utarbeider saksframlegg og avgjerdsgrunnlag og koordinerer utviklingsarbeid som involverer fleire tenester.

Ei av oppgåvene dine er å leie og koordinere innføringa av betre tverrfagleg innsats (BTI) i Haram kommune. Du samarbeider med leiarar og ressurspersonar om opplæring og følgjer opp at tenestene tek modellen i bruk i det daglege arbeidet.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

- Leie og koordinere BTI-arbeidet i Haram kommune og følgje opp innføringa av BTI-modellen i tenestene. Dette inneber å samarbeide med leiarar og ressurspersonar om opplæring og om å ta modellen i bruk i det daglege arbeidet.

- Følgje opp tenesteområda i Livsløp, handsame saker og utføre forvaltningsoppgåver.

- Utarbeide saksframlegg og andre avgjerdsgrunnlag og bidra til planarbeid, rapportering og oppfølging av vedtak.

- Leggje til rette for samhandling og samskaping i og på tvers av kommunalområda.

  • Følgje opp SLT-arbeidet med samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak.
  • Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.

- Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, samfunnsfag eller offentleg administrasjon.

- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og evne til å skrive klart og presist på nynorsk.

  • God digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye system og arbeidsverktøy. Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning, sakshandsaming eller utviklingsarbeid på tvers av tenester. Kjennskap til BTI eller erfaring med å innføre nye arbeidsmåtar i ei verksemd er òg ein fordel.

- Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og følgjer opp oppgåver til dei er ferdige.

- Du får med deg leiarar og medarbeidarar når nye arbeidsmåtar skal takast i bruk.

- Du samarbeider godt med ulike fagmiljø og får fram perspektiva deira.

  • Du set deg raskt inn i nye problemstillingar og formidlar komplekse saker på ein forståeleg måte. Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

- Varierte oppgåver innan forvaltning, samhandling og tenesteutvikling.

- Tett samarbeid med kommunalsjef, tenesteleiarar og fagmiljø i Livsløp og resten av kommunen.

- Høve til å påverke korleis tenestene samarbeider om tidleg innsats for barn, unge og familiar.

- Løn etter gjeldande avtaleverk.

3× more likely to get an interview with a cold email

Apply for this job

How do I apply?

The job is published on Haram kommune’s website. Open the original posting ↗ to submit your application. Screeningpass does not fill in a form for you.

Who should you write to at Haram kommune about this role?

Start a contact search from this page. Screeningpass suggests up to three people connected to the role. Choose whom to write to, then Screeningpass looks for their professional email and prepares a message. You review it and send it yourself with Gmail. An email address is not always available, and a reply is never guaranteed.

How much does finding a contact cost?

A search costs 1 credit. Your credit is returned if the search fails. Signing up gives you 3 credits, enough for 3 searches.

What does Screeningpass do?

Screeningpass brings together internships, apprenticeships and jobs published by companies. For a job, Screeningpass finds someone to contact at the company, looks for their professional email and prepares a message using your CV. See how it works in detail.